Sinclair ZX80
| Sinclair ZX80 | |||
| | |||
| Produsent | Sinclair Research | ||
|---|---|---|---|
| Type | computermodell | ||
| Prosessor | NEC µPD780C | ||
| Lansert | februar 1980 | ||
| Utfasa | august 1981 | ||
| Etterfølgjar | Sinclair ZX81 | ||
Det var ZX80 som starta heimedatamaskin-eventyret i England. Då Sinclair lanserte denne maskina i 1980, var det den minste og billigaste ein kunne få tak i. Den vart seld i 70 000 eksemplar og fanst både som sjølvbyggjarsett og ferdigbygd.
ZX80 hadde ganske moderate spesifikasjonar: 4 KB ROM og 1KB RAM. Prosessoren var ein Zilog 80-kompatibel NEC 780-C på 3,25 MHz. Operativsystemet var Sinclair BASIC, ein variant av programmeringspråket BASIC.
Den hadde eit noko spesielt BASIC-tilpassa tastatur. Det einaste ein behøvde for å skrive kommandoen PRINT, var å trykkje bokstaven P.
Grafikkelektronikken i ZX80 var ganske enkel og i prinsippet var det prosessoren som genererte videosignala, så lenge den ikkje var opptatt med noko anna. Sjølv det å skrive på tastaturet gjorde at skjermen blinka for kvart teikn.
ZX80 vart etterkvart erstatta av ZX81.