Google Checkout
Utsjånad
| Google Checkout | |||
| | |||
| Utviklar | |||
|---|---|---|---|
| Utgjeve | 28. juni 2006 | ||
| Nettstad | https://checkout.google.com | ||
Google Checkout var eit nettbasert betalingssystem levert av Google. Brukarar lagra kredittkort- og leveranseinformasjon på Google-kontoen sin, og kunne enkelt handle hos nettbutikkar som var med i programmet. Google Checkout tilbaud vern mot svindel, og brukarar fekk ei samla side der dei kunne sjekke statusen på produkta dei hadde kjøpt.
Tenesta blei innført i USA den 28. juni 2006, og i Storbritannia den 13. april 2007.[1] Han var gratis å bruka for forhandlarar fram til 1. februar 2008.[2] Vevtenesta blei kombinert med mobilbetalingsappen Google Wallet, som blei lansert i september 2011. 20. november 2013 blei vev-versjonen av tenesta heilt avslutta.[3] Google Wallet blei tilbode som erstatning for fleire tenester.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Google unveils UK payments system BBC News
- ↑ «No Processing fees until February 1, 2008». Google Checkout Blog. Arkivert frå originalen 24. februar 2009.
- 1 2 «Retiring Google Checkout Announcement». Google Inc. Arkivert frå originalen 25. juni 2014. Henta 21. movember 2013.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |