15. august 201615. august 2016; 9 årsidan(2016-08-15) (privat beta) 8. mai 2017; 8 årsidan(2017-05-08) (open registrering) 4. juli 2019; 6 årsidan(2019-07-04) (skifte til tilpassa Mastodon-fork)
Gab er eit sosialt medium, laga for å vere eit alternativ til mellom anna Facebook, Twitter og Reddit. Brukarane på nettstaden kan lese og skrive meldingar på opp til 300 teikn, såkalla «gabs».
Tenesta er utan reklame og er finansiert gjennom donasjonar og avgifter på premiumtenester. Føretaket som driv tenesta er basert i Austin, Texas i USA.
I mars 2019 lanserte Gab ei nettlesar-utviding som lagar eit dedikert kommentarfelt på alle nettsider.[1] Denne utvidinga vart seinare svartelista og gjort utilgjengeleg for både Firefox og Google Chrome.[2]