Dronning av Storbritannia Dronning av Antigua og Barbuda Dronning av Australia Dronning av Bahamas Dronning av Barbados Dronning av Belize Dronning av Canada Dronning av Grenada Dronning av Jamaica Dronning av New Zealand Dronning av Papua Ny-Guinea Dronning av Saint Kitts og Nevis Dronning av Saint Lucia Dronning av Saint Vincent og Grenadinene Dronning av Salomonøyene Dronning av Tuvalu
Elizabeth vart regjerande dronning etter at far hennar døydde den 6. februar1952. Same dagen vart ho utropt til dronning av tronfylgjerådet, men ho var då på statsbesøk i Kenya. Kroninga fann stad eitt år seinare, den 2. juni 1953 i Westminster Abbey.
Elizabeth heldt på tradisjonane i rolla si som dronning. I formelle samanhengar heldt ho strengt på etiketten som til dømes seier at ingen må røra den kongelege personen, noko fleire utanlandske statsoverhovud har blitt kritisert for å gjera av britisk presse. Ho kledde seg konservativt, som regel lett kjenneleg i einsfarga kåper og med store hattar.
Dronninga har halde ein juletale for det britiske samveldet kvart år sidan ho blei dronning, bortsett frå 1969. Ho har aldri gjeve intervju til pressa, og heldt sine private meiningar om politiske saker for seg sjølv. Som dronning har ho opna og sett på mange kulturelle arrangement, men dei private hovudinteressene hennar er fotografi, veddeløpshestar og hundar, særleg rasen Pembroke welsh corgi.
Den fulle tittelen som dronning av dei sameinte kongedøma var slik: Elizabeth the Second, by the Grace of God, of the United Kingdom of Great Britain and Northern Ireland and of Her other Realms and Territories Queen, Head of the Commonwealth, Defender of the Faith. (På norsk: Elisabet[3]den andre, med Guds nåde, dronning av Storbritannia og Nord-Irland og hennar andre område. Overhovud for Samveldet, forsvarar av trua.) Som statsoverhovud for kvart enkelt samveldeland har ho ein eigen tittel.
Nemninga til dronninga som den andre har skapa misnøgd i Skottland. Elisabeth I hadde nemleg ikkje herska over dette landet, og skottane meinte det var feil å plutseleg skulle få ei Elizabeth II. Fleire nye postkassar med dei kongelege bokstavane E.R. II blei sprengde i protest, og i dag har skotske postkassar berre ei krone som symbol.
Sjølv om det same problemet gjaldt for dei tidlegare kongane William IV og Edvard VII, var det ingen som sa noko imot deira ordenstal. Elizabeth-opprøret var truleg eit teikn på aukande skotsk nasjonalisme. Postkassesprengingane var dei mest valdelege aksjonane skotske nasjonalistar har utført i nyare tid.
Anne Elizabeth Alice Louise (f. 15. august 1950), Princess Royal, gift (14. november 1973) og skild (28. april 1992) med kaptein Mark Anthony Peter Phillips; gift 12. desember 1992 med kommandør Timothy Laurence
Andrew Albert Christian Edvard (f. 19. februar 1960), hertug av York, gift (23. juli 1986) og skild (30. mai 1996) med Sarah Margaret Ferguson (f.1959)
Edvard Antony Richard Louis (f. 10. mars 1964), jarl av Wessex, gift (19. juni 1999) med Sophie Helen Rhys-Jones (f. 1965)
I Storbritannia vart ho stort sett hylla, og kritiske røyster var så godt som fråverande. I nokre av dei tidlegare britiske koloniane derimot var det blanda kjensler, fordi det var mange som såg på ho som eit symbol på kolonisering, apartheid og tortur.[4] Til trass for at ho freista å betra høva til koloniane og var for avskaffinga av apartheid.[5][6]