Diskusjon:Apache OpenOffice
Beklager, gløymde å formatere. Nybegynnarfeil, håpar eg... Anders
Har i ettertid vorten oppmerksom av enkelde at det no heiter OpenOffice.org og ikkje OpenOffice lengre. Denne artikkelen samt underartiklane fann eg lista opp hjå "Wikipedia:Artiklar vi bør ha/Teknologi". Der stod det opprineleg "OpenOffice", ikkje "OpenOffice.org". Om folk er så strikse på navna, hadde det vore ein stor fordel om slikt hadde vorte retta opp før folk byrja å skriva på slike artiklar, og ikkje etterpå. Så slepp ein å høyre oppatt og oppatt same småsure kommentaren. --Anders 10. august 2005 kl. 23:25 (UTC)
- Nja... Det viser seg no ofte lettare å oppdaga slike namneproblem når artiklane allereie er oppretta. Trur ikkje du treng taka det for tungt om nokre av artiklane blir flytte i ettertid. Håpar no elles at småsure kommentarar hører med til unntaka... :] (Kommenterte rettingar haglar det derimot med — og det er bra, for slike kan vi lære av! (Eg har i alle fall lært mykje av dei rettingane andre har gjort på det eg har skrive.)) -- Olve 11. august 2005 kl. 01:22 (UTC)
- Eg håpar ikkje det var min kommentar du reagerte på, for han var slett ikkje småsurt meint :-) At feil skrivemåte var brukt i «Artiklar vi bør ha» var ikkje eg klar over før desse artiklane dukka opp. GauteHK 11. august 2005 kl. 10:19 (UTC)
Beklagar Gaute. Eg må visst missforstått deg noko salig iforgårs kveld, for eg var sikker på at eg hadde vorte hinta om å flytta desse artiklane sjølv, noko eg ikkje visste før idag at eg har rettleik til. Så eg har å leggja meg langflat. Eg ser du har gjort ein særs god jobb med O3 artiklane, især denne. Eg håpar du fortsatt har vilje til å fortsette, om det skulle være noko.--Anders 12. august 2005 kl. 18:18 (UTC)
- Anders, om du ser etter kven som har omsett OOo til nynorsk, så trur eg du vil finne ut at namnet liknar svært mykje på brukarnamnet åt Gaute ;) -- Larsivi 12. august 2005 kl. 18:44 (UTC)
- Det der var ein liten vekkjar for meg òg — det er fort gjort både å misforstå og bli misforstått, spesielt når me berre kommuniserer i tekst. Stå på! :-) GauteHK 12. august 2005 kl. 18:56 (UTC)
Larsivi: Kor ser eg det i så måte?Og på kva måte har dette samanheng med at eg på IRC klokka 17.12 i dag, traff ein Microsoft fyr som hevda å programmere MS Word? Det siste blir ein påstand i så måte, men eg har pålitelig prov på at ip'en kom frå ein MS submaske. Eg fekk ein kjenning til å bekrefta det same. Loggen har eg og.... Gaute: Men eg trur det er best, for mitt vedkommane då, å gje seg klokka 11, sjølv om det at sidene gjerne går raskare då, gjerne gjer det fristande å fortsette å skrive.... --Anders 12. august 2005 kl. 19:29 (UTC)
- Nei, eg har ikkje OOo installert, så eg veit ikkje heilt korleis ein kan finne det ut... Kanskje under "Om Open Office.org"? Det er iallfall der i KDE, som Gaute òg har vore sterkt involvert i å omsetje, til dømes nettlesaren som eg skriv dette i. Forstod elles ikkje heilt det med han MS-karen. Det er uansett ikkje langt til "stjernene" med ein gong ein byrjar å involvere seg i open programvare. Ikkje at MS er det... Larsivi 12. august 2005 kl. 19:40 (UTC)
- Njo, men no hadde no ikkje denne irc-kanalen noko med programvare å gjer i det heile, det var dét som gjer det heile litt merkeleg...
Start ein diskusjon om Apache OpenOffice
Diskusjonssider er stader der ein diskuterer korleis innhaldet på Wikipedia kan bli så godt som mogleg. Du kan bruke denne sida for å starte ein diskusjon med andre om korleis Apache OpenOffice kan forbetrast.