Hopp til innhald

Arv i programmering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 12. mars 2009 kl. 19:51 av Ekko (diskusjon | bidrag) Arv (datateknikk)» flytt til «Arv i programmering»)

Arv i datateknisk forstand er når ein ved objektorientert programmering lèt ein ny klasse overta eigenskapane til ein eksisterande klasse som alt er definert. I tillegg kan ein gje den nye klassen særeigne eigenskapar. Slik kan ein bruke koden opp att med liten eller ingen endring.

Arv vart fyrste gong brukt i 1967 i det norskutvikla programeringsspråket Simula.