Random Access Memory

Random Access Memory (RAM) er den delen av minnet i ei datamaskin der prosesser ligg lagra under kjøring av maskina. Hovuddelen av datamaskinas minne vil vere typen RAM, den vert difor hovudhukommelse eller hovudminne.
Hovudminnets oppgåver
Et program brukaren vil køyre må alltid leggjast inn i minnet før det kan eksekverast. Alle data må leggjast i minnet før datamaskina kan rekne med dei eller manipulere dei, dessutan må alle inndata og utdata innom minnet.
Innhaldet i RAM kan lesast og skrivast tilfeldig og utan nokon bestemt rekkefølge, difor namnet, og går tapt når maskinen vert slått av.
Datamaskiner har og ein raskare type minne, kalla hurtigminne (cache). Under køyring vil det heile tida verte kopiert instruksjonar og data over frå hovedhukommelsen til hurtigminnet, då ting må innom der før de går vidare til prosessoren.
Når ein les ifrå minne hentar man ut data utan å forandre på dei. Ved skriving til minne vil data som frå før ligg på plassen ein skriv til i minnet gå tapt. Skriving til minnet kallas difor ein destruktiv operasjon.
Typer RAM
I standard IBM-kompatible datamaskiner består kvar allokeringsenhet i minnet av 8 bit. Disse utgjer tilsaman ein byte.
Ein standard datamaskin i dag har 256 megabyte til 1 gigabyte RAM. Det finst fleire typar RAM, som for eksempel SIMM-RAM, EDORAM, SDRAM og DDR-RAM.
Det finst også RAM-liknande minne som bare kan lesast ifrå, og ikkje skrivast til. Denne typen minne kalles READ ONLY MEMORY (Read-Only Memory).