Hn/Java 2 Micro Edition
- Sidor som ligg under «Hn» er skrivne på høgnorsk. Denne finst òg i gjeldande rettskriving — sjå «Java 2 Micro Edition».
Java 2 Micro Edition (J2ME) er ei utgåva av Java-teknologien som er skreddarsydd for mobiltelefonar, kalkulatorar og annan forbrukarelektronikk i lummeformat. J2ME vart fyrste gongen presentert under ein Java-konferanse i San Fransisco sumaren 2000. Samstundes lagde Motorola fram dei fyrste handsetti som styd plattformen.
Kombinasjonen av WAP (Wireless Application Protocol) og Java-teknologi gjev ei ideell løysing for mobilbrukarar som ynskjer interaktive tenestor. I våre dagar hev trådlause tenestor bygt på Java-teknologi vorte teke i bruk yver heile verdi.
I mars kom Nokia med den nye 3410-modellen som styd J2ME. Nokia 3410 er billegutgåva som vonleg skal føra Java ut til folket. Telefonen byggjer på bransjestandarden Mobile Information Device Profile 1.0 (MIDP 1.0) og tilbyd den funksjonaliteten som trengst for å skapa tiltalande applikasjonar åt mobilbrukarane.
J2ME gjev mellom anna høve til å lasta ned tridjeparts applikasjonar på vanlege mobiltelefonar. Soleides fær forbrukarane høve til å uppdatera terminalane jamnleg med nye spel eller innhald. Med J2ME hev gamle arkadespelklassikarar som Asteroids og Frogger fenge nytt liv – ikkje i spelehallen, men på mobilterminalen.