Notepad++

Notepad++ er ein gratis teksteditor, lisensiert under GPL, og utvikla som eit alternativ til Windows Notisblokk. SourceForge er vert for prosjektet.
Generell funksjonalitet
Programmet byggjer på Scintilla og har funksjonar som autofullføring, syntaksmerking, regulære uttrykk. Det finst nedlastbare filer for stavekontroll i fleire språk, mellom anna nynorsk. Det er støtte for Unicode, redigering av TeX-dokument og binærfiler og ei rad andre format. Brukargrensesnittet nyttar arkfaner. Det finst makroar og *nix skalskript for oppgåveautomatisering . Notepad++ har ein innebygd FTPklient.
Støtte for programutvikling
Notepad++ støttar mellom anna assembler, høgnivåprogrammeringspråka Ada, C, C#, C++, FORTRAN, Java, Lisp, Pascal og Visual Basic, skriptspråka AutoIt, ASP, JavaScript, Lua, Matlab, Perl, PHP, Python og VBScript. Det er òg støtte for maskinvarebeskrivelsespråket Ruby.
Støtte for nettstadutvikling
For nettstadutvikling er det støtte for HTML, CSS, XML og databasespråket SQL (XML og SQL er ikkje begrensa til nettstadar).