Hopp til innhald

Sycamore Gap Tree

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 25. juni 2022 kl. 15:18 av Ranveig (diskusjon | bidrag)
Sycamore Gap Tree

Artplatanlønn
LandStorbritannia
Kart
Sycamore Gap Tree
55°00′13″N 2°22′26″W / 55.00356°N 2.37387°W / 55.00356; -2.37387

Sycamore Gap Tree eller Robin Hood Tree er eit eit lønnetre som står ved sida av Hadrianmuren nær Crag Lough i Northumberland i England. Det står i eit dramatisk søkk i landskapet, og er eit populært motiv å fotografera Treet var med i ein viktig scene i filmen Robin Hood: Prince of Thieves frå 1991, og er blitt kjend som Robin Hood-treet etter dette. Det vann Tree of the Year-prisen for England i 2016.

Plassering

Sycamore Gap Tree ligg ved Hadrianmuren, mellom Milecastle 39 og Crag Lough, rundt 3 kilometer (1,9 mi) vest for Housesteads Roman Fort i Northumberland nord i England.[1] Denne delen av muren følgjer ryggen av ein ås – ei klippe frå Whin Sill – og fleire bratte søkk i denne skapt av smeltande brear.[2] Treet står i eit av desse søkka, og muren stig dramatisk på begge sider av det.[1] Området treet står på, landet og muren tilhører National Trust.[1] Treet er ein populær turistattraksjon, og er blitt omtalt som det mest fotograferte treet i landet, og staden kan vera den mest fotograferte i Northumberland nasjonalpark.[3][4] </ref>[5] Ein kan sjå treet frå vegen B6318 Military Road.[1] Namnet «Sycamore Gap» blei laga av ein tilsett ved National Trust då Ordnance Survey laga nye kart av området og spurte om staden, som dei ikkje hadde namn på frå før, hadde noko namn.[6]

Historie

Treet er ei platanlønn (Acer pseudoplatanus) og er nokre hundre år gammalt.[5] Det stod ein gong saman men andre, men desse er blitt fjerna ein gong av ukjend grunn, kanskje for å gje viltvaktaaar betre sikt.[6] Treet opptrer i ei viktig scene i filmen Robin Hood: Prince of Thieves med Kevin Costner, der Robin Hood tek ei rundrute frå Dei kvite klippene Dover til Nottingham via Hadrianmuren, og er seinare blitt kjent som Robin Hood-treet.[4][5] Det var også med i musikkvideoen for Bryan Adams sin song (Everything I Do) I Do It for You, som var del av filmmusikken, Videoen blei vist mykje på det britiske tv-programmet Top of the Pops.[1] Det har også opptredd i krimserien Vera og i dokumentarserien More Tales from Northumberland with Robson Green.[6] Eit helikopter kræsja nær treet den 30. mai 2003 under filminga av British Isles – A Natural History, rundt 30 meter (98 ft) unna det og endå nærare programleiaren Alan Titchmarsh. Også han var uskadd, og dei fire ombord i flyet blei lettare skadde.[7][8]

I 2016 blei treet nominert til Tree of the Year-tevlinga i England.[4] Det blei vald ut frå 200 nominasjonar til ei kortliste på 10, og vann tevlinga med 2542 røyster av 11913.[2] Prisen var på 1000 pund som blei brukt til å studera helsa til treet og utføra arbeid for å verna røtene på det. Desse var byrja å bli blottlagde på grunn av det store volumet av fottrafikk som over dei.[1] Sycamore Gap-treet blei nominert til European Tree of the Year i 2017 der det nådde 5. plassen (av 16) med 7123 røyster.[1][5]

Galleri

Sycamore Gap-panorama

Kjelder

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 «Famous Hadrian's Wall tree wins national competition». Carisle News and Star. 31. desember 2016. Henta 11. juli 2018. 
  2. 2,0 2,1 «Sycamore Gap on Hadrian's Wall is 'Tree of the Year'». ITV News (på engelsk). 18. desember 2016. Henta 11. juli 2018. 
  3. Harley, Nicola (17 December 2016). «Robin Hood tree wins coveted Tree of the Year crown». The Telegraph. Henta 11 July 2018. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Henderson, Tony (16. februar 2018). «Is Sycamore Gap the most photographed tree in the UK?». Newcastle Evening Chronicle. Henta 11. juli 2018. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 «The Sycamore Gap Tree», European Tree of the Year (Environmental Partnership Association), henta 11. juli 2018 
  6. 6,0 6,1 6,2 «Read about Sycamore Gap», National Trust (på engelsk), henta 11 July 2018 
  7. «TV crew hurt in air crash». BBC News. 30. mai 2003. Henta 1. mars 2021. 
  8. «Star gardener escapes 'copter death». Evening Chronicle (på engelsk). 30. mai 2003. Henta 1. mars 2021.