Hopp til innhald

World Reference Base for soil resources

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 4. mai 2022 kl. 19:17 av Tholme (diskusjon | bidrag) (lintfix)
Jordsmonnskart over Europa

World reference base for soil resources (WRB) er jordklassifiseringssystemet til SN. Det er dette systemet Norsk institutt for skog og landskap nyttar.[1] Målet er å kunna samanlikna kunnskap om jord og jordsmonn over landegrenser.

Systemet byggjer på eit tidlegare FAO-system frå 1974.[2] Fyrste utgåva kom i 1998, andre i 2006 og tredje i 2014.[3]

Systemet er på engelsk. Skog og landskap har laga norske lyklar, men har ikkje omsett namna.

Jorddefinisjonen

For å unngå fruktlause ordskifte om kva som er eller ikkje er jord, definerer WRB jord etter fråstand frå atmosfæren. Alt inntil 2 meters djup er jord, med unnatak av levande organismar, djupe islag utan noko anna over og vatn djupare enn 2 meter.[4]

Asfalterte vegar, samanhengjande fjell og botnen under vatnet er soleis jord etter denne definisjonen.

Oppbygging

WRB deler dei ulike jordsmonna inn i 32 grupper. Jorda vert klassifisert med ein hovudlykel, der ei og ei jordgruppe vert skild ut. Desse skil seg frå kvarandre basert på ulikt opphavsmateriale, ulike diagnostiske sjikt og ulike jordeigenskapar. Eit opphavsmateriale er lausmassane som jorda har utvikla seg i. Eit diagnostisk sjikt er eit lag av jorda med særlege eigenskapar. Dei diagnostiske jordeigenskapar treng ikkje vera bundne til eit gjeve sjikt, men same eigenskap vil vera resultat av dei same jordsmonnsdannande prosessane.

Hovudgruppene kan vidare få prefiks eller suffiks som skil ulike jordsmonn i same gruppe frå kvarandre. Tanken er at dei 32 gruppene kan syna hovudtrekka på verds- eller kontinentnivå, medan prefiksa og suffiksa kjem inn for å skildra jorda på eit meir detaljert nivå.[5]

Referansar

Bakgrunnsstoff

Litteratur

  • IUSS Working Group WRB: World Reference Base for Soil Resources 2014, Update 2015. World Soil Resources Reports 106, FAO, Rome 2015. ISBN 978-92-5-108369-7. (PDF 2,3 MB).
  • W.E.H. Blum, P. Schad, S. Nortcliff: Essentials of Soil Science. Soil formation, functions, use and classification (World Reference Base, WRB). Borntraeger Science Publishers, Stuttgart 2018. ISBN 978-3-443-01090-4.
  • H.-P. Blume, P. Schad: 90 Years of Soil Classification of the IUSS. IUSS Bulletin 126, 38-45, 2015 ([1]).