Hopp til innhald

Hinterstoder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 22. mars 2016 kl. 01:29 av Jeblad (bot) (diskusjon | bidrag) (Legg til 'Autoritetsdata' nederst på sida)
Hovudgata i Hinterstoder

Hinterstoder er ein kommune i forbundslandet Oberösterreich i Austerrike. Kommunen dekker eit areal på 149,1 km² og hadde 923 ibuarar i 2013. Kommunen omfattar landsbyane Hinterberg, Hinterstoder, Mitterstoder og Tambergau. Landsbyen Hinterstoder ligg 599 meter over havet. Kring kommunen reiser seg høge fjell, med Großer Priel på 2 515 moh som det høgste. I sør har kommunen ei lengre grense mot forbundslandet Steiermark.

Turisme har i langt tid vore hovundnæring. Hinterstoder har arrangert renn i verdscupen i alpine greiner sidan 1986.

Kjelder