Hopp til innhald

Arv i programmering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 21. mars 2016 kl. 21:34 av Jeblad (bot) (diskusjon | bidrag) (Legg til 'Autoritetsdata' nederst på sida)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
For andre tydingar av arv, sjå arv (fleirtyding)

Arv i datateknisk forstand er når ein ved objektorientert programmering lèt ein ny klasse overta eigenskapane til ein eksisterande klasse som alt er definert. I tillegg kan ein gje den nye klassen særeigne eigenskapar. Slik kan ein bruke koden opp att med liten eller ingen endring.

Arv vart fyrste gong brukt i 1967 i det norskutvikla programeringsspråket Simula.