Hopp til innhald

Arv i programmering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 10. mars 2013 kl. 11:22 av Addbot (diskusjon | bidrag) (robot: fjerna 29 interwikilenkjer som er flytte til d:q212542Wikidata)
For andre tydingar av arv, sjå arv (fleirtyding)

Arv i datateknisk forstand er når ein ved objektorientert programmering lèt ein ny klasse overta eigenskapane til ein eksisterande klasse som alt er definert. I tillegg kan ein gje den nye klassen særeigne eigenskapar. Slik kan ein bruke koden opp att med liten eller ingen endring.

Arv vart fyrste gong brukt i 1967 i det norskutvikla programeringsspråket Simula.