Dnipro
Dnipropetrovsk | |||
ukrainsk Дніпропетровськ, russisk Днепропетровск, Dnepropetrovsk | |||
by | |||
|
|||
Kallenamn: Dnipro | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Oblast | Dnipropetrovsk oblast | ||
Bykommune | Dnipropetrovsk | ||
Høgd | 155 moh. | ||
Koordinatar | 48°27′0″N 34°59′0″E / 48.45000°N 34.98333°E | ||
Areal | 405 km² | ||
Folketal | 1 001 612 (2011) | ||
Folketettleik | 2 473 / km² | ||
Grunnlagd | 1776 | ||
Borgarmeister | Ivan Ivanovytsj Kulitsjenko[1] | ||
Postnummer | 49000 | ||
Retningsnummer | +380 56(2) | ||
![]() Dnipro 48°28′03″N 35°02′24″E / 48.4675°N 35.04°E | |||
Wikimedia Commons: Dnipro | |||
Nettstad: gorod.dp.ua |
Dnipropetrovsk (ukrainsk Дніпропетровськ) eller Dnepropetrovsk (russisk Днепропетровск) tidlegare Jekaterinoslav (russisk Екатеринослав, ukrainsk Катеринослав, Katerynoslav[2]) er den fjerde største byen i Ukraina med ein million innbyggjarar.[3][4] Han ligg søraust for hovudstaden i Ukraina, Kiev ved Dnepr, sør i det sentrale området av landet. Dnipropetrovsk er det administrative senteret i Dnipropetrovsk oblast (provins).
Dnipropetrovsk er eit viktig industrisenter i Ukraina og var eit av dei største sentra for atomkraft, våpenindustri og romfart i det tidlegare Sovjetunionen. Her låg Juzjmasj, eit stort designbyrå og produsent av ballistiske missil. På grunn av den militære industrien var Dnipropetrovsk ein lukka by fram til 1990-åra.
Andre namn
I 1917 fekk Jekaterinoslav namnet Sitsjeslav av Den ukrainske folkerepublikken, men ein gjekk attende til det gamle namnet alt i 1919.[5][6]
Namneendringar
- Jekaterinoslav 1776–1782, gjenoppretta 1783–1797
- Novorossijsk 1797–1802
- Jekaterinoslav 1802–1917
- Sitsjeslav 1917–1918
- Jekaterinoslav 1918–1926
- Dnepropetrovsk/Dnipropetrovsk 1926 til i dag
Geography

Byen ligg på begge sider av Dnepr, ved ein stor sving der elva endrar retning frå nrodvest nordvest og held fram sørover i Ukraina.
Klima
Om sommaren er Dnipropetrovsk varm (i juli 24-28 ºC, og stundom 32-36 ºC). Vinteren er kald med temperaturar i januar kring -4 til 0 ºC, men når det ikkje er snø og vinden bles kraftig, kjennes det særs kaldt.
Klimaet er kontinentalklima og vintrane kan stundom verte særs kalde, ned mot -15 ºC og om sommare særs varm (opp mot 40 ºC).[7]
Vêrdata for Dnipropetrovsk | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Høgast målte °C | 12,3 | 17,5 | 24,1 | 30 | 36,1 | 37,8 | 39,8 | 40,9 | 36,5 | 32,6 | 20,6 | 16,3 | 40,9 |
Gjennomsnittleg maks °C | −1 | 0 | 6 | 15,2 | 22,1 | 25,6 | 28 | 27,4 | 21,5 | 13,8 | 5,2 | 0,2 | 13,7 |
Døgnmiddeltemperatur °C | −3,7 | −3,4 | 1,8 | 9,6 | 16,1 | 19,8 | 22,1 | 21,4 | 15,5 | 8,9 | 2 | −2,3 | 9 |
Gjennomsnittleg min °C | −6,1 | −6,3 | −1,6 | 4,9 | 10,6 | 14,6 | 16,7 | 15,8 | 10,7 | 5 | −0,5 | −4,7 | 4,9 |
Lågast målte °C | −30 | −27,8 | −19,2 | −8,2 | −2,4 | 3,9 | 5,9 | 3,9 | −3 | −8 | −17,9 | −27,8 | −30 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 45 | 43 | 43 | 38 | 42 | 60 | 54 | 43 | 41 | 37 | 46 | 47 | 539 |
Gns. dagar med regn | 9 | 8 | 10 | 13 | 13 | 13 | 12 | 9 | 10 | 10 | 12 | 11 | 130 |
Kjelde: Pogoda.ru.net[8] |
Historie
Byen vart grunnlagd 1776 av Potjomkin. Han skulle vere midtpunkt for dei områda som var erobra som eit resultat av den endelege underlegginga av dei ukrainske kosakkane i 1775 (storminga av hovudsetet deira Zaporizjzjia Sitsj), og sigeren mot Det osmanske riket i den russisk-osmanske krigen 1768–1775.
Byen fekk namnet Jekaterinoslav til ære for Katarina II av Russland. Han vart omdøypt til Dnepropetrovsk 1726 (seinare Dnipropetrovsk). Byen opplevde ein sterk vekst etter bygginga av Dneproges-dammen i 1932.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Dnipropetrovsk» frå Wikipedia på engelsk, den 9. september 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Dnipropetrovsk mayors personal blog
- ↑ English map of 1820
- ↑ gorod.dp.ua Dnipropetrovsk region, statistics (ukrainsk)
- ↑ Ukrcensus.gov.ua — City URL accessed on 9. september 2012
- ↑ Nettstad for Sitsjeslav
- ↑ ukrainsk Nationalismoh i 1990s: A Minority Faith by Andrew Wilson, Cambridge universitet Press, 1996, ISBN 978-0-521-57457-0, page 89
- ↑ See also: klimadiagramme.de — Climate in Dnipropetrovsk URL accessed on 20 March 2007
- ↑ Pogoda.ru.net (på russisk), May 2011, henta 21 April 2012
Bakgrunnsstoff
- (russisk) Dnipropetrovsk News Site. Map of city.
- (engelsk) Welcome to Dnipropetrovsk!
- stroitel.dp.ua — Construction site of Dnipropetrovsk
- (russisk) Dnipropetrovsk City Portal
- Photos of Dnepropetrovsk