Hopp til innhald

Android

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 26. juni 2012 kl. 01:45 av Xqbot (diskusjon | bidrag) (r2.7.3) (robot la til: szl:Android)
Android

[[Fil: |frameless]]
Utviklar(ar)Google Inc, Open Handset Alliance, Android Open Source Project
Utgjeve20 September 2008
Nyaste versjon15.0.0 r12 (7. januar 2025)
Skrevet iC, C++, Kotlin, XML-skjema, Java, Rust
OppdateringsmetodeGoogle Play, F-Droid, Yandex.Store, Galaxy Store, APK, Amazon Appstore
Avleidde systemColorOS, LineageOS, CyanogenMod, Remix OS, Replicant, OmniROM, Huawei EMUI, Fire OS, HyperOS, One UI, Resurrection Remix OS, Android-x86, Funtouch OS, OxygenOS, MagicOS, Realme UI, LG UX, HiOS, GrapheneOS, Nothing OS, iodéOS, PixelExperience
LisensApache License 2.0
Linux kernel deler under GNU GPL v2[1]
Nettstadhttps://www.android.com/

Android er eit Linux-basert operativsystem for mobile einingar som smarttelefonar og tablett-datamaskiner. Utviklinga blir gjort av Open Handset Alliance leia av Google[2] [3].

Google kjøpte den fyrste utviklaren av programvara, Android Inc i 2005. Avdukinga av Android distribusjon i 2007 vart kunngjort med grunnlegginga av Open Handset Alliance, eit konsortium av 86 maskinvare, programvare og telekommunikasjon verksemder via til å fremma opne standardar for mobile einingar. Google offentleggjer Android-kode som open kjeldekode, under Apache License. Android Open Source Project (AOSP) har ansvaret med vedlikehald og vidareutvikling av Android.

Android har eit stort fellesskap av utviklarar som skriv applikasjonar ("apps") som utvidar funksjonane til einingane. Utviklarar skriv primært i ein tilpassa versjon av Java. Apps kan lastast ned frå tredjeparts nettstadar eller via nettbutikkar som Google Play (tidlegare Android Market), drifta av Google. I februar 2012 var det meir enn 450.000 apps tilgjengelig for Android, og estimert mengd program som vart lasta ned frå Android Market passert i desember 2011 ti milliardar.[4][5]

Android blei ført opp som den bestseljande plattforma for smarttelefoner på verdsbasis i 4. kvartal 2010 av Canalys. I februar 2012 var det over 300 millionar Android einingar i bruk, og fylje Andy Rubin i Google blei det i februar 2012 aktivert 850.000 Android-einingar kvar dag.[6] [7]

Historie

Grunnlaget

Android, Inc. blei grunnlagt i Palo Alto, California, USA i oktober, 2003 av Andy Rubin (co-grunnleggar av Danger), Rich Miner (co-grunnlegger av Wildfire Communications, Inc.), Nick Sears (tidlegare VP ved T -Mobile), og Chris white (leia design og grensesnitt utvikling på WebTV) for å utvikle, i Rubins ord "... smartare mobile einigare som er meir klar over eigaren sin plassering og preferansar". Til tross for dei openbare ferdigheitene til grunnleggarane og dei tidlige tilsette, vart det meste i Android Inc. halde hemmeleg, og det blei berre avslørt at det blei arbeida med programvare for mobiltelefonar. Same år gjekk Rubin tom for pengar, men Steve Perlman, ein nær venn av Rubin, gav han $ 10.000 i kontantar i ein konvolutt og nekta å ta imot ein eigardel i verksemda.

Oppkjøpet av Android

Google kjøpte Android Inc. den 17. august 2005, noko som gjore Android Inc. eit heileigd dotterselskap av Google Inc. Sentrale tilsette i Android Inc., deriblant Andy Rubin, Rich Miner og Chris White, blei i verksemda etter oppkjøpet. Lite var kjent om Android Inc. på tidspunktet for oppkjøpet, men mange meinte det var truleg at Google hadde planar om å gå inn i mobilmarknaden med dette trekket.

Spekulasjonar om Google sin intensjon om å gå inn i mobil kommunikasjon hald fram med å byggje seg opp ut desember 2006. Rapportar frå BBC og The Wall Street Journal hinta om at Google ville ha sine søk og applikasjonar på mobiltelefonar og at det blei jobba hardt for å levere dette. Media kunne snart rapporterte rykte om at Google utvikla eit eige Google handsett. Nokre spekulerte i at medan Google fekk definert tekniske spesifikasjonar, blei det vist fram prototypar til mobiltelefonprodusentar og nettoperatørar.

I september 2007 dekka InformationWeek eit Evalueserve studie som rapporterte at Google hadde sendt fleire patentsøknader innanfor mobiltelefoni.[8][9]

Open Handset Alliance

5. november 2007 blei Open Handset Alliance eit konsortium av fleire verksemder som inkluderer Broadcom Corporation, Google, HTC, Intel, LG, Marvell Technology Group, Motorola, Nvidia, Qualcomm, Samsung Electronics, Sprint Nextel, T-Mobile og Texas instruments avduka. Målet med Open Handset Alliance er å utvikle opne standardar for mobile einingar. På same dag lanserte òg Open Handset Alliance sitt fyrste produkt, Android, ein mobil einingsplattform bygga på Linux kjerne versjon 2.6.

Den 9. desember 2008, vart 14 nye medlemmer, inkludert ARM Holdings, Atheros Communications, Asustek Computer Inc, Garmin Ltd, Huawei Technologies, PacketVideo, Softbank, Sony Ericsson, Toshiba Corp, og Vodafone Group Plc ein del alliansen. [10][11]

Android Open Source Project

Android Open Source Project (AOSP) er leia av Google, og har som oppgåve å vedlikehalde og utvikle Android. I følgje prosjektet er "Målet med Android Open Source Project å skape ein vellykka real-World produkt som gjer den mobile opplevinga betre for sluttbrukaren." AOSP opprettheld òg Android Compatibility Program, som definerer ei “Android-kompatibel" eining "som ein eining som kan køyre ein kvar applikasjon som er skrevet av tredjeparts utviklarar ved hjelp av Android SDK og NDK", for å hindre ikkje kompatible Android implentasjonar. Kompatibilitetprogrammet er valfritt, og gratis saman med Compatibility Test Suite som òg er gratis og open kjeldekode.[12]

Versjon historie

Android har sett ei rekkje oppdateringar sidan den fyrste utgåva, kvar med feilretting og introduksjon av nye funksjonar. Kvar versjon har eit namn i alfabetisk rekkefølgje, etter ein dessert.

Aktuelle utgåver

  • 2.3 Gingerbread byr på vidareutvikla brukargrensesnittet, forbetra soft keyboard og kopier / lim inn-funksjon, betre eigen kode støtte (som forbetra yting i spel), SIP-støtte (VoIP-samtaler), og støtte for NFC(Near Field Communication).
  • 3.0 Honeycomb er ein tablett-orientert utgåve som støtter større skjerm einingar og introduserer mange nye brukargrensesnitt funksjoner, støtte for multi-core prosessorer, maskinvareakselerasjon for grafikk og full system kryptering.
  • 3.1 Honeycomb, utgjeven i mai 2011, kom med mellom anna støtte for ekstra input-einingar, USB host modus for å overføre informasjon direkte frå kamera og andre einingar og Google filmar og bøker app.
  • 3.2 Honeycomb, utgjeven i juli 2011, kom med tilpassing og betre utnytting av eit breiare spekter av skjermstorleikar, nye "zoom-for å-fylle" skjerm kompatibilitetsmodus, lasting av mediefiler direkte frå SD-kort, og eit utvida skjerm støtte API. Huawei MediaPad blei den fyrste 7 tommers tablet som fikk nytte denne versjonen.[13]
  • 4.0 Ice Cream Sandwich, annonsert 19. oktober 2011, førte Honeycomb funksjonar til smarttelefonar og la til nye funksjonar, inkludert ansiktsgjenkjenningslås, nettverk databruk overvåking og kontroll, sosiale nettverk kontaktar, forbetringar i fotograferingshandteringa, offline e-post leiting, app mapper og informasjon deling ved hjelp av NFC. Android 4.0.4 Ice Cream Sandwich er den nyaste Android-versjonen som er tilgjengelig for telefonar. Kjeldekoden til Android 4.0.1 blei gjeven ut 14 november 2011.

Design

Fil:System-architecture.jpg
Arkitektur diagram

Android består av ein kjerne basert på Linux-kjerna, med mellomvare, bibliotek og APIer skrevet i C og programvare som køyrer på eit program rammeverk som inkluderer Java-kompatible bibliotek bygga på Apache Harmony. Android nytter Dalvik virtuell maskin med just-in-time kompilering til å køyre Dalvik DEX-kode (Dalvik Executable), som vanlegvis er sett over frå Java ByteCode.[14]

Den viktigaste maskinvare plattforma for Android er ARM arkitekturen. Det er støtte for x86 frå Android x86-prosjektet, og Google-TV dreg nytte av ein særskild x86 versjon av Android.

Kjelder