Open kjeldekode
Open kjeldekode (engelsk: «Open Source Code») tyder at kjeldekoden til et dataprogram er gjort tilgjengeleg for alle (ofte på Internett). Det finst mange forskjellege lisensar for open kjeldekode, men den mest nytta er GNU General Public License (GPL). Mange programvareselskap lagar seg sine egne spesialtilpassa opne lisensar. Organisasjonen Open Source Initiative (OSI) har ein godkjenning der lisensar som følgjer deira definisjon av open kjeldekode får tittelen «OSI approved».
Ein skil ofte mellom open programvare og fri programvare. Fri programvare, slik den er definert av Free Software Foundation, krev i tillegg til at kjeldekoden er open at den kan vidaredistribuerast kommersielt.
Nokre kommersielle aktørar meiner omgrepet open kjeldekode er forvirrande og at det ikkje bør nyttast. Dette vert gjerne grunngjeve med med at vi i Norge ikkje treng å ta inn over oss motsetningane i den amerikanske marknaden. Dermed meiner dei at vi i Norge burde klare oss med eitt omgrep, fri programvare, for å omtala fenomenet.
Nokre velkjente eksemplar på program med open kjeldekode er Linux, KDE, Apache, PHP, Mozilla, Scilab og for så vidt MediaWiki som driv Wikipedia.
Eksterne lenkjer
- Open Source Initiative
- TheOpenCd
- Logiciels libres
- Slipp programvaren fri – Artikkel i Aftenposten om IT-aktivisten Richard M. Stallmann
- Open Source Software / Free Software (OSS/FS) References