Hopp til innhald

Dataprogram

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 11. oktober 2006 kl. 23:08 av Vadakkan (diskusjon | bidrag) (rulla tilbake)

Dataprogram, ofte berre kalla program er ei samling av ein rekke instruksar til datamaskina.

Dataprogrammet er som regel lagra på eit platelager eller eit anna lagringsmedium. Når ein skal bruke eit dataprogram vert programmet lasta inn i datamaskina sitt minne slik at instruksjonane er tilgjengelege for prosessoren og kan utføre/køyre desse.

I dag vert dei fleste dataprogramma skrive i et såkalla høgnivåspråk som er lett å lera og tillet rask programvareutvikling. Det førekjem også at program blir skrive på lågnivåspråk (assembler) som er meir abstrakt.

Vi skil ofte mellom grunnleggjande program, som operativsystem (generelle støttefunksjonar for alle program), applikasjonsprogram (nytteprogram, som t.d. teksthandsaming, teikning, rekneark osb.), nettverksklientar (som epostprogram, nettlesarar osv.) og andre program.