Hopp til innhald

Ubuntu Linux

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 14. mai 2012 kl. 03:01 av CommonsDelinker (diskusjon | bidrag) (Fjernar fila Ubuntu1204.png, sidan ho er sletta frå Commons av Fastily.)
Ubuntu Linux

skapar(ar)Mark Shuttleworth
Utviklar(ar)Canonical Ltd
Utgjeve20. oktober 2004
Nyaste versjon24.04.2 LTS (20. februar 2025)[1]
Plattformi386, AMD64, PowerPC, PlayStation 3, UltraSPARC
Skrevet iC++, C, Skallskript, Python
Bygger påDebian
SkrivebordsmiljøGnome Unity
Oppdateringsmetodedpkg, Snap, Advanced Packaging Tool
Avleidde systemAsturix, Bodhi Linux, elementary OS, KDE neon, Linux Lite, Linux mint, LXLE Linux, Peppermint Linux OS, Pinguy OS, Pop!_OS, Trisquel, Ubuntu Unity, Zorin OS, Ubuntu Kylin
LisensGNU General Public License
Nettstadhttps://ubuntu.com/

Ubuntu Linux er ein linuxdistribusjon basert på GNU/Linux-prosjektet Debian. Ubuntu er støtta av selskapet Canonical Ltd. som vert leia av sørafrikanaren Mark Shuttleworth. Ubuntu er eit afrikansk ordtak som tyder «Eg er slik eg er fordi at vi er slik vi er». På same måte er operativsystemet utvikla kollektivt gjennom dugnad.

Nye utgåver av Ubuntu kjem ut kvar sjette månad. Dette er den same syklusen skrivebordet GNOME har. Dermed er brukarane alltid sikra det siste innan skrivebordsmiljø.

Alle versjonar av Ubuntu får eit kodenamn og eit versjonsnummer. Versjonsnummeret er gjort av månaden og året den aktuelle utgåva av Ubuntu kom ut. Den fyrste versjonen av Ubuntu fekk kodenamnet «Warty Warthog» og hadde versjonsnummeret 4.10, ettersom han kom ut i oktober 2004. Meininga er at det skal koma ny utgåve av Ubuntu kvart halvår, slik at versjonsnummeret alltid vekslar mellom .04 og .10. «Dapper Drake» vart unnataket frå regelen, ettersom han vart to månader forseinka. Dermed vart versjonsnummeret for Dapper Drake 6.06. Den neste utgåva, Edgy Eft kom ut til planlagd tid og har versjonsnummeret 6.10.

I dei siste utgåvene har Canonical valt å laga sitt eige skrivebordsmiljø basert på GNOME som har fått namnet Unity. Den siste utgåva av Ubuntu, versjon 12.04, har óg eit nytt integrert system som vert kalla HUD

Sjå òg

Referanse

  1. «Ubuntu 24.04.2 LTS released». 20. februar 2025. Henta 20. februar 2025. 

Bakgrunnsinformasjon


Mal:Link AA Mal:Link FA Mal:Link FA Mal:Link FA Mal:Link FA Mal:Link FA Mal:Link FA Mal:Link UA