Hopp til innhald

XHTML

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 14. januar 2012 kl. 01:56 av ZéroBot (diskusjon | bidrag) (r2.7.1) (robot la til: sr:XHTML)

XHTML (Extensible HyperText Markup Language) er eit markeringsspråk som følgjer XML-standarden i staden for SGML som HTML byggar på. Skilnaden frå HTML er at XHTML er eit meir fleksibelt språk og har strengare syntaksreglar enn HTML.

XHTML kan sjåast som ei utvida utgåve av HTML 4.0 og er både etterfølgjar av HTML og ein separat parallell (tilrådd) standard. XHTML vurderast av mange som «aktuell versjon» av HTML, men W3C held fram å tilrå både nytta av XHTML 1.1, XHTML 1.0 og HTML 4.01 for publisering på verdsveven.

Behovet for ein strengare versjon av HTML oppsto fordi innhald på verdsveven skal leverast til mange slags maskiner (bl.a små skjermar) og laus HTML skapte mykje unødig kompleksitet i syntaks.

Nokre omgrep i XHTML-samanheng

Attribute er ein parameter til eit element, som er skildra i DTDen. Moglege verdiar, eventuelt standardverdiar av attributtet, er definert i DTDen.

DTD definisjon av ein dokumenttype. Ein DTD er ei samling av XML-skildringar som definerer struktur, element og attributt som er tilgjengelege for eit dokument som er laga med XHTML.

Document er ein datastraum som er strukturert slik at han inneheld informasjon organisert i samsvar med den tilknytta DTDen.

Element er struktureininga som er definert i DTDen. Elementet sitt innholdsmønster er definert i DTDen

Implementation er eit system som tilbyr ei samling av høve som støttar denne spesifikasjonen

Parsing er måten dokumentet blir skanna og informasjonen i dokumentet er filtrert, etter kva elementa tilseier

Rendering (vising) er ei nemning på presentasjonen til dokumentet for sluttbrukar og det gjeld ikkje nødvendigvis berre synleg visning, det kan til dømes òg vere lydar.

User Agent er implementeringen som tek imot og prosesserer (tolkar) XHTML-dokument.

Validation er den prosessen som eit dokument vert sjekka og sammenlignes med den DTD som tilhøyrer dokumentet.

Well-formed - Eit dokument er bra forma viss det er strukturert i følgje spesifikke reglar, i dette tilfellet reglar definert i XML

Bakgrunnsstoff

Kjelder