Hopp til innhald

SQL

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 20. desember 2011 kl. 12:17 av Luckas-bot (diskusjon | bidrag) (r2.7.1) (robot la til: sh:SQL)

SQL står for "Structured Query Language" og er eit databasehandteringsspråk som nyttar seg av såkalla "spørjestrengar" for å handsama informasjonen i databasar.

Døme:

SELECT * FROM TabellNamn WHERE KolonneNamn = Verdi ORDER DESC

vil søkja gjennom databasetabellen "TabellNamn" etter verdien "Verdi" i kolonna "KolonneNamn" og lista alle funna i synkande rekkjefølgje.

Resultatet frå spørjinga vert lagra i ein mellombels tabell ein kallar resultset. Som regel har ein eit databasehandteringsprogram ein loggar seg inn på for å gjera slike operasjonar, men om ein skal manipulera dataa gjennom brukaraktivitet på nettstader, må ein gjerne bruke eit anna språk for å presentera resultata på ein høveleg måte. Eit slikt språk er til dømes PHP.