Hn/Java 2 Micro Edition
- Sidor som ligg under «Hn» er skrivne på høgnorsk. Denne finst òg i gjeldande rettskriving — sjå «Java 2 Micro Edition».
Java 2 Micro Edition (J2ME) er ei utgåva av Java-teknologien som er skreddarsydd for mobiltelefonar, kalkulatorar og annan forbrukarelektronikk i lummeformat. J2ME vart fyrste gongen presentert under ein Java-konferanse i San Fransisco sumaren 2000. Samstundes lagde Motorola fram dei fyrste handsetti som styð plattformen.
Samansettinga av WAP (Wireless Application Protocol) og Java-teknologi gjev ei ideell løysing for mobilbrukarar som ynskjer interaktive tenestor. I våre dagar hev tråðlause tenestor bygt på Java-teknologi vorte teke i bruk yver heile verdi.
J2ME gjev millom anna høve til å lasta neðr triðjeparts applikasjonar på vanlege mobiltelefonar. Soleiðes fær forbrukarane høve til å uppdatera terminalane jamnleg med nye spel eller innhald. Med J2ME hev gamle arkadespelklassikarar som Asteroids og Frogger fenge nytt lív – ikkje i spelehallen, men på mobilterminalen.