Ubuntu Linux

Ubuntu er ein Linux-distribusjon basert på GNU/Linux prosjektet Debian. Ubuntu er støtta av selskapet Canonical Ltd. som vert leia av Sør-Afrikanaren Mark Shuttleworth. Ubuntu er eit afrikansk ord som tyder medmenneskelighet.
Nye utgåver av Ubuntu kjem ut kvar sjette månad. Dette er den samme syklusen som skrivebordet GNOME har. Dermed er brukarane alltid sikra det siste innan skrivebordsmiljø.
Alle versjonar av Ubuntu får eit kodenamn og eit versjonsnummer. Versjonsnummeret anngjev måneden og året den utgåva av Ubuntu kom ut. Den første versjonen av Ubuntu fekk kodenamnet "Warty Warthog" og hadde versjonsnummeret 4.10, ettersom den kom ut i oktober 2004. Den noverande versjonen av Ubuntu heiter "Dapper Drake" og har versjonsnummeret 6.06, ettersom den vart to månader forseinka enn det som opprinneleg var planen.