Hopp til innhald

Unicode

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 12. februar 2005 kl. 23:58 av Bep (diskusjon | bidrag) (omarbeida frå nb:)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Unicode er eit teiknsett som blir vidareutvikla av organisasjonen The Unicode Consortium. Organisasjonen vart stifta i 1991 med det føremål å skape eit standard teiknsett for alle datamaskiner og som støtter alle språk som er i praktisk bruk. Unicode-standarden hadde i versjon 3.1 95221 skriftteikn. Standarden har seinare vorte utvida.

Unicode har fleire kodesett som har sin måte å framstille teikna. I UTF-32 blir det brukt 32 bit per teikn for å representere dagens Unicode-teiknsett, medan teikna i UTF-16, som blir brukt i nyare versjonar av Windows, vert delt opp i porsjoner på 16 bit. UTF-8 er basert på dei 8-bit ANSI-teiknsetta som vert brukt i ein stor del av verdas datasystem.

Det store fortrinnet med Unicode er at det gjer fleirspråkleg kommunikasjon muleg. Medan ANSI-teiknsetta hindrar brukaren i å skrive på fleire språk innanfor eitt og same dokument, støttar Unicode dei fleste språk.

Unicode har fått kritikk for implementasjonen av kinesiske hàn-tegn (hànzì). Teikna har varierande utsjånad i forskjellige asiatiske skriftspråk, medan Unicode berre inkluderer teikna éin gong. Samstundes omfattar Unicode fleire vestlige teikn som ser helt like ut i ulike regionar, dette for å gjere seg kompatibel med eldre teiknsett. Eldre versjonar av Unicode mangla òg ein del kinesiske teikn, men dette er til dels vorte korrigert.

Sjå òg

minnan:Thong-iōng-bé