Hopp til innhald

Notepad++

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 12. mai 2010 kl. 11:43 av ArthurBot (diskusjon | bidrag) (robot la til: cs:Notepad++)
C++ kjeldekode, slik han tek seg ut i Notepad++.

Notepad++ er ein gratis teksteditor, lisensiert under GPL, og utvikla som eit alternativ til Windows Notisblokk. SourceForge er vert for prosjektet.

Allmen funksjonalitet

Programmet byggjer på Scintilla og har funksjonar som autofullføring, syntaksmerking, regulære uttrykk. Filer for grensesnitt og stavekontroll på ulike språk kan lastast ned for seg sjølv, mellom anna nynorske utgåver. Det er støtte for Unicode, redigering av TeX-dokument og binærfiler og ei rad andre format. Brukargrensesnittet nyttar arkfaner. Notepad++ støttar makroar og *nix skalskript, og har ein innebygd FTP-klient, men støttar ikkje den sikre SSH-protokollen.

Notepad++ støttar mellom anna assembler, høgnivåprogrammeringspråka Ada, C, C#, C++, FORTRAN, Java, Lisp, Pascal, Ruby og Visual Basic, skriptspråka AutoIt, ASP, JavaScript, Lua, Matlab, Perl, PHP, Python og VBScript.

For nettstadutvikling er det støtte for HTML, CSS, XML og databasespråket SQL (XML og SQL er ikkje avgrensa til nettstader).

Sjå òg

Bakgrunnstoff