Hopp til innhald

Unity

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 5. januar 2010 kl. 06:25 av Xqbot (diskusjon | bidrag) (robot endra: fr:Unity (station spatiale internationale), ko:유니티 연결 모듈; kosmetiske endringar)
Modulen Unity fotografert frå romferja Endeavour.

Unity er namnet på ein av modulane som dannar den internasjonale romstasjonen. Den sylindriske modulen vart byggd av The Boeing Company på romfartssenteret George C. Marshall Space Flight Center i Huntsville, Alabama, USA. Unity som også vert kalla «Node 1», vart sendt opp med den amerikanske romferja Endeavour under STS-88 den 4. desember 1998 og vart 2 dagar seinare kopla saman med den russiskbygde Zarya som alt var i bane rundt jorda sidan november same året.

Unity vart seinare kobla til den amerikanske laboratoriemodulen Destiny (under romferda STS-98), segmentet Z1 (eit tidleg rammeverk for stasjonen som vart montert under romferda STS-92), PMA-3 (også montert under STS-92) og luftslusen Quest (montert under STS-104). Dessutan vert dei mobile MPLM-modulane kobla til Unity på fleire ferder med romferjene. Node 3 med sin Cupola med sine utsiktvindauge, vil bli kobla til Unity på ferda STS-132.

Mål

  • Lengde: 5.49 m
  • Diameter: 4.57 m
  • Masse: 11,612 kg

Kjelder

Bakgrunnsinformasjon

NASA - faktark (pdf-fil)