Objektorientert programmering
Utsjånad
Objektorientert programmering (OO) peiker på ein metode og ei utforming av språket for programmering. Den grunnleggande tanken bak OO er at ulike typar data som høyrer saman blir samla i objekt med tilhøyande operasjonar. Slik blir data og kode samla i einingar kalla objekt. Eit objekt er ei samling av oppførsel (datakode) og tilstand (data). Prinsippet er at ein skil tinga som endrar seg over tid og tinga som ikkje endrar seg. Denne inndelinga i objekt gir eit meir stabilt fundament for programvareutforming. Målet er å gjere store programvareprosjekt enklare å handtere.